Laurdag 8. februar inviterer Radio Sunnmøre til allsongkvelden Han er min sang og min glede på Valderøy bedehus. Drivaren bak prosjektet er Ståle Schrøder Heggset, som har med seg temaet sitt frå Emblem, Rune Sæther frå Misjonssalen og Lidvar Emblem m/team frå Molde bedehus. Heggset fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at dei har så stor glede for Radio Sunnmøre, at dette er ein kveld dei vil vere med og dele med fleire.

Kvelden byr på dei gode, gamle, evangeliske songane og heile salen får vere med å synge med den stemma ein har.

Høyr intervjuet med Ståle Schrøder Heggset om arrangementet på Valderøy bedehus laurdag 8. februar.