Victor Haram og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund høyrer du dagleg på Radio Sunnmøre.

Victor Haram og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund høyrer du dagleg på Radio Sunnmøre.

I år feirar Radio Sentrum sine tredve år, og i den anledning kjem det nokre nye ansiktslyft for radioen. Det er ikkje det at ein treng det i så ung alder, men anledninga byr seg på mange måtar i eit jubileumsår.

  • Det er mange grunngjevingar for å endre namn og for at det nye namnet kan gje radioen eit nytt ansiktslyft i dag. Radioen sine sendingar når i dag over heile Sunnmøre og lenger enn det med dagens teknologi. Radioen er eigd av Sunnmøre Indremisjon, og er heller ikkje lenger fysisk plassert i sentrum av Ålesund, fortel dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.
  • Med Radio Sunnmøre får ein eit namn som skapar ei nærare tilhøyregheit til Sunnmøre og Sunnmøre Indremisjon, og i tillegg vert det ein radio med eit namn som kan skape nysgjerrigheit blant fleire lyttarar som ikkje ville kome på å lytte til Radio Sentrum, legg Vartdal Espelund til.

Nå nye

Ei av satsinga til radioen i år er å etablere nye og friske plattformer for å nå nye lyttarar. Ei fornying av logo, namn og sendeflate vil gjere ei god endring.

  • Ein endrar aldri det indre ved å endre det ytre, fortel Vartdal Espelund.
  • Dette gjeld og radioen. Vi kjem ikkje til å endre på innhaldet i sendingane, men det ytre vil få ein ny og friskare utsjånad. Radioen vil få namnet Radio Sunnmøre og vil få ny logo. Ein vil kunne høyre tydeleg i sendingane at radioen har fått nytt namn, legg Vartdal Espelund til.
  • Ein vil nok også kunne høyre eit litt tydelegare skilje mellom ulike sendetimar, men det er berre til det positive for lyttaren, seier Vartdal Espelund.

Ny nettside

Frå og med 1. mai lanserar Radio Sunnmøre si nye nettside www.radiosunnmore.no. Den nye daglege leiaren set fokus i å vere på internett, der folk mykje er i dag.

  • Det er viktig å vere på nett, tydelege og synlege. Derfor har vi jobba den siste månaden med å få laga ei ny nettside, ei enkel, synleg og flott nettside for radioen, fortel Vartdal Espelund.
  • Hovudformålet med sida er å få ut informasjon om korleis ein kan lytte til vår radio via både FM, TuneIn og web. I tillegg til å nå ut med informasjon om våre program, produksjonar og dei nyaste intervjua, legg Vartdal Espelund til.
  • Vi håpar at lyttarane våre legg merke til endringane til det positive, og at vi også med dette kan nå nye lyttarar samtidig som vi beheld dei gamle, avsluttar Vartdal Espelund.