I dette programmet frå Åpne Dører har vi fokus på kristne radioprogram og deira betydning, både i den frie verda og bak stengte grenser. Olaug Lillian Bjørke deler sitt fyrste minne frå den kristne nærradioen tilbake på 80-talet. Kontrasten blir stor når du deretter får bli med til Nord Korea, og høyre korleis hemmelege truande må lytte til kristne program i skjul. Hye* oppdaga at ho tilhøyrde ein kristen familie då ho avslørte foreldra, som sat og lytta til radio under eit teppe midt på natta. «Radioprogramma dykkar er den mest dyrebare gåva for oss nordkoreanske truande. Dei åpnar våre åndelege auger og øyrer. Eg vil takke alle som er ansvarlege for radioarbeidet!», seier Kyong Chong*, ein av dei mange som lyttar i skjul. Radioarbeidet i Nord Korea treng forbøn, både for dei som lagar programma og dei som risikerer livet ved å lytte.