Laurdag 3.november kl.11 startar årets Radiomesse i Borghallen, på Ålesund folkehøgskule. Opninga vert ved Giske barnekor, og som vanleg vert det mykje flott og godt ein kan få handle.

Dersom du har noko du ynskjer å bidra med, anten lefser, gjærbakst, julekaker, eller anna godt etandes, eller om du lagar handarbeid av eit kvart slag som kan seljast, så tek vi svært gjerne imot det. På denne måten kan du også vere med å støtte Radio Sunnmøre, og forhåpentlegvis blir det ei god inntekt til radioen også dette året.

Tusen takk til alle som bidreg, anten med salsvarer, gevinstar eller kunne tenke seg å hjelpe til på dagen i Borghallen.

Det viktigaste er iallfall at DU og dei du kjenner kjem og støttar opp laurdag 3.november, handlar, kosar deg i kafeen, eller satsar på å vinne i åresal og tombola. VELKOMMEN!!