Onsdag 11. februar kalla ImF Sunnmøre inn til eit ekstraordinert årsmøte. I innkallinga til det ekstraordinære årsmøtet innstiller krinsstyret forslag til vedtak, at ImF Sunnmøre sel Orreneset Misjonssenter til Bjørn Valderhaug og Kristine Solstad under føresetnad av at ein salsavtale ivaretek intensjonane i saksutgreiinga til årsmøtet.

I saksutgreiinga stod det at krinsstyret i Imf Sunnmøre har dei to siste åra vore i samtalar med ekteparet Kristine Solstad og Bjørn Valderhaug om eit mogleg kjøp av Orreneset Misjonssenter. Dei ynskjer å kjøpe senteret og drive det som eit kristent barne – og ungdomssenter. Dei ynskjer også at Orreneset framleis skal vere knytt til ImF Sunnmøre, og legge til rette for leirarbeid, møter, kurs og arrangement for forsamlingar, kyrkjelydar og andre grupper.

Kjøparane ynskjer å foreta ei oppgradering av Orreneset, og har økonomiske ressursar til både oppgradering, drift og vidare utvikling av leirstaden. Dei vil bu på senteret og vere eigar, drivar og vertskap av Orreneset.

Stort engasjement på årsmøtet

Fleire tok til orde for at dette måtte utgreiast betre juridisk, også med tanke på at klausular frå tidlegare vedhøyrande sal måtte gjennomgåast betre, samt klausular for misjonssenterets framtid med tanke på å kunne bruke leirstaden til misjonsverksemd. Det var viktig for utsendingane å få tryggleik for at Orreneset også i framtida vil vere ein misjonsstasjon.

Det var 46 som stemte for å greie ut saka betre til eit nytt ekstraordinert årsmøte i slutten av april, og det var heile 29 som stemte mot sal av Orreneset misjonssenteret. Det var totalt 75 stemmerettiga utsendingar tilstades.

– Vi ute på Vigra har eit godt og nært forhold til Orreneset og brukt det som eit misjonssenter. Fleire gongar i året nyttar vi Orreneset som forsamling, fortel Odd Frode Roaldsnes, ein av dei utsendingane på årsmøtet. -Saka røyser ein del dilemma som vi kjenner på og vi håpar det blir ein god prosess der grastrota kan få sei si meining om det. Det er store ting vi snakkar om her, så vi ynskjer det er godt gjennomtenkt og godt gjennomarbeida, legg han til.

Nytt årsmøte i april

Under årsmøtet kom det fram nye moment som gjer at årsmøtet ikkje var klare for ei reell avstemning for eller mot sal av Orreneset. Årsmøtet ynskjer ei betre utgreiing på det juridiske, og som skal inneha klausulane frå både tidlegare og framtid, og at det vart stemt for å greit ut saka til eit nytt årsmøte i april.

Radio Sunnmøre var tilstades og tok ein prat med utsending Odd Frode Roaldsnes og Johan Per Sunde, samt styremedlem for Orreneset Håkon Hovda, og formann for Imf Sunnmøre Arvid Ødegård.