Sareptakrukka er ei innsamling til ein ambulerande klinikk i fattige Moldova. Det er ekteparet Inger Karin Honningdal Grytten og Johan Grytten som er dei hovudengasjerte i dette formålet på Sunnmøre, og også i år vil det vere mogleg å møte dei ulike stadar i Ålesundsområdet i julestria.

Førstkomande søndag blir dei å møte på Molja, tysdag blir dei også å finne på Frikirka sin gjenbruksbutikk i Langevåg, og tre dagar i desember på Moa.

Den ambulerande klinikken er ei oppsøkande legeteneste som drivast av legeekteparet Anna og Nikolai Karaman der folket på landsbygda som ikkje har råd får gratis legebehandling. Klinikken besøker også eit kvinnefengsel som ein av sine prioriterte oppgåver.

I fylgje Johan Grytten har klinikken blitt heilt avhengig av dei innsamla midlande frå Sunnmøre.

Høyr intervjuet med Johan Grytten HER.