I ein heilt ny teiknefilm på Disney + blir Antikrist født når mammaen ligger med Satan. Dottera blir tenåring og får magiske evner. Den nye teikneserien heiter «Little Demon» og er laga som underhaldning for vaksne, med ei aldersgrense som varierer mellom 16 og 18 år.

Dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik, anbefaler foreldre å vere merksemde på denne serien. Born under aldersgrensa for serien kan lett kome i kontakt med serien når det blir delt klipp på Youtube, i sosiale medier, eller at dei på ein eller annan måte får sett serien på Disney +.  Serien har fleire religiøse referanser, men ein skal vere både vaksen og godt orientert for å få med seg dette blant grove replikkar, scener med samleie og vald.