Israel har si store nyttårsfeiring om hausten, og overgangen til 2021 vert ikkje markert av dei fleste. Likevel er det naturleg å sjå tilbake på året som snart er omme. Krig og Corona-pandemi er to av dei tinga som har påverka livet i Israel dette året. Omlag 250 000 familiar er berørt av at grensene er stengde og turistane ikkje kan koma inn i landet. Midt i desse utfordringane møtes jødiske og arabiske tenåringar gjennom samarbeid mellom ulike skular i Israel.