Kjell Tveter. (Foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund)

Onsdag kveld kan du høyre Kjell Tveter i Misjonssalen på Myrabakken, i regi av IMF Sunnmøre og NLM.

Kjell Tveter (83) er kirurg, professor og har doktorgrad, i tillegg til at han har skrive nokre bøker om universet og skaparverkets opprinnelse.

-Dersom styrken på gravitasjonskrafta endrer seg ørlite frå sin noverande verdi, så vil universet trekke seg saman eller eksplodere, fortel Tveter om universets fininstilling.

Både mennesket og universet er så finjustert at det må stå ein skapar bak, meiner Kjell Tveter, som ser Guds storheit i dette.

Mange i Tveter sitt vitenskapelege miljø ynskjer å finne eit svar på alt, og det er fleire som meiner at universet har blitt til av seg sjølv. Tveter meiner at det er ein overordna plan bak alt dette, og at det ikkje har kunne blitt til av seg sjølv. Dei som ikkje ser argumenta for at det er Gud som står bak har bestemt seg for at ein ikkje vil la seg overbevise, fortel Tveter til Radio Sunnmøre.

Høyr heile intervjuet med Kjell Tveter.