I juni har Åpne Dører fokus på India – eit land der kristne opplever auka forfylgjing. Olaug Lillian Bjørke vil i dette programmet presentere deg for Shadra. For nokre månader sidan fekk ho og sonen verkeleg erfare kva det kan koste å fylgje Jesus. På veg til skulen vart sonen angripen av hinduekstremistar; og skoten i magen. Han overlevde som ved eit under! Trass forfylgjinga, held Shadra fram med å tene Gud i India, særleg blant kvinner og born i landsbyen. Du får høyre korleis Åpne Dørers partnarar har oppmuntra og støtta henne, både i møte med forfylgjinga og tenesta. Åpne Dører lanserer i desse dagar «Impact India», ein kampanje der dei ønsker å doble innsatsen for indiske kristne, som eit svar på auka forfølgjing. Målet er å knyte den globale kyrkja endå tettere saman med den hardt prøva indiske kyrkja. I programmet får du elles høyre Tor Rødseths song «Min klippe og min borg», framført av Håvard Sveås.