Årets sommar/haust-katalog er komen frå Si-Reiser, og for sunnmøringen legg dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne fram alle dei tilrettelagte muligheitene dei i år har gjort for sunnmøringane.

Bussturar

– Vi har direkteturar både med fly og buss for møringane, fortel Kindervåg Halsne. Ein av mange bussturar som går direkte frå Sunnmøre i år, er ein tur til Geilo i haust. Ei langhelg på fjellet med fjellturar, bibeltimar og konsert med Mikael Järlestrand.

Under fjellfestivalen på Geilo blir ein buande på Bardøla hotell.

Under fjellfestivalen på Geilo blir ein buande på Bardøla hotell.

Mikael Järlestrand

Mikael Järlestrand

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg skal ekteparet Halsne, saman med Torstein Remme, arrangere ein busstur til Danmark. Der skal blant anna Klaus Muff også vere med.

I C. S. Lewis sine fotspor

I årets katalog kan også turen I C. S. Lewis sine fotspor, med Radio Sunnmøre, til Oxford og London nemnast. Denne turen er også lagt godt til rette med direkte avreise og ankomst på Ålesund lufthamn, Vigra. Ein innhaldsrik tur der ein får undervisning og guiding i Lewis sitt landskap i Oxford, mannen bak blant anna Narniabøkene.

Bibelferie i syden

I tillegg til at det er to direkteturar frå Vigra til Israel dette året, så har Si-Reiser også lagt opp til turar med direktereise frå Sunnmøre både til Kreta og Gran Canaria.

– Eg vil og nemne ein spesiell tur som har to personar frå Herøy som reiseleiarar. Johanne og Bjørn Leinebø skal vere med som reiseleiarar, og eg vil verkeleg anbefale denne turen, seier Kindervåg Halsne.

Sommar/Haust-katalog 2016