Sjøholt Folkehøgskule er godt i gong med renovering, og graving til nytt internatbygg. Promoteringa for skulen er også i gong på ulike plattformer, og 1. februar opnast det for å kunne søke på skulen.

Sjøholt Folkehøgskule skal vere ein skule for elevar frå 16 års alderen, og har ulike linjer som musikk, jakt -og fiske, multisportlinje, og arbeidslivslinje med meir. Høyr meir i intervjuet med styreleiar Odd Christian Stenerud.