Siste nytt
Håp gjennom sinnet sine svingningar
Tysdag, onsdag og torsdag kjem Helge Ferstad til Sunnmøre med temakveldar om håp gjennom sinnet sine svingningar. Han skal til Emblem, Skodje og Vigra, og Radio Sunnmøre har fått høyre litt om kva kveldane skal handle om.
Klart for Mini-leir på Brusdalsheimen
Helga 28. februar til 1. mars er det klart for årets fyrste minileir på Brusdalsheimen, og det skal også arrangerast ein 11. -12. april.
-No er det to minileirar denne våren, fortel Hilde Giske Lukkedal, som har vore med på desse leirane i ei årrekke.
Tårnagent i Ellingsøy kyrkje
I helga var det Ellingsøy kyrkja som inviterte 2. og 3. klassingar til å vere tårnagenter, og 14 agentar meldte sin interesse. Radio Sunnmøre var tilstades og tok ein prat med ungdomspresten, Christian Siejak, og fire av agentane som deltok, Benjamin, Leander, Emil og Sebastian.
To nye barnekor i Sula frikirke
I januar i år starta det to nye barnekor i Sula frikirke. Vi har tatt ein prat med Frida Havnegjerde Messinger, barne -og ungdomsarbeidar, om oppstarten av to nye barnekor. Høyr heile praten på Radio Sunnmøre.
Å ha eit anker i livet
Denne veka er det Gro Hofseide som har Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. I dei fem andaktene snakkar ho om å ha eit anker i livet, og for henne sjølv handlar det om trua på Jesus. Høyr heile praten og andakten på Radio Sunnmøre.
Den Indre Sjømannsmisjon på tokt
På nyåret er Den Indre Sjømannsmisjon på tokt langs Mørekysten. Andre Sætre, krinsleiar på Sunnmøre, fortel om korleis organisasjonen løyser årets tokt etter at dei måtte selje sin eigen båt i 2025.
Gospelhelg med Aina og Aril Schøld
Til helga er det gospelhelg med Aalesund gospelkor, og Aina og Aril Schøld. Sistnemnte har Radio Sunnmøre tatt ein prat med om bakgrunnen dei har frå eige gospelkor i Stavanger, og erfaringane dei tek med seg for å inspirere fleire songglade i eit Masschoir i Ålesund til helga.
Dugnadsleir på Bjorliheimen fjellhotell
På Bjorliheimen Fjellhotell arrangerer dei nye eigarane dugnadsleiarar både vår og haust. Det er misjonsorganisasjonen Misjons Sarepta som overtok drifta av hotellet i 2025, og driv det vidare med misjon i fokus.
Søndagens tekst 8. februar
Søndagens tekst er henta frå Matteus 17, 1-9 og handlar om då disiplane får sjå Jesu herlegheit. Det er Kristi forklarelsesdag denne søndagen. Vi les teksta og tek ein prat med prost Karl Johan Bjørge om innhaldet i teksta.








