I vår melde styret ved Sjøholt Folkehøgskule byggjestopp, med godkjend utsetjing frå Kulturdepartementet om oppstart til hausten 2021.

I september vil renoveringa av det gamle hovudbygget halde fram, og etter kvart vil ein også starte byggjing av to internatbygg som skal stå ferdig til skulestart august 2021. Den økonomiske ramma for prosjektet er på 65 millionar kroner.

I vår møtte skulen hard motvind i medielandskapet i Noreg på grunn av ulike tolkningar rundt ulike verdidokument. No har skulen fått på plass eit eige verdidokument for skulen, som skal ivareta både elevar og tilsette.

Høyr intervjuet med styreleiar Odd Christian Stenerud, om oppstart av folkehøgskulen som vil vere ein av få som tek inn 16 -åringar.

(f.v) Rektor Lars Johan Klokk og styreleiar Odd Christian Stenerud ved Sjøholt Folkehøgskule. (Foto: Radio Sunnmøre)

(Illustrasjon øverst i saka: Teikning av Sjøholt Folkehøgskule under arbeid)