Etter 13 år som øverste leiar i Indremisjonsforbundet (ImF) er tida moden for å gje seg som generalsekretær seier Erik Furnes til Radio Sunnmøre. Han er først og fremst takksam for dei mange ting han har fått vore med på gjennom desse åra, og nevner mellom anna arbeidet med å hente barne- og ungdomsopplegget AWANA til Noreg. Samstundes er det ikkje til å legge skjul på at det i ei slik stilling også er mange krevande saker ein må ta tak i. For Furnes har det ytre kallet han i si tid fekk til å bli generalsekretær vore eit godt fundament i krevende tider. Han skal fortsette som generalsekretær fram til 1. mars 2023.