(Foto: Sohan)

Sohan opplevde å bli banka opp av ein hindumobb; for deretter å bli fengsla på bakgrunn av falske anklager. I dette programmet får du høyre om den overveldande frykten og fortvilinga, men også korleis Gud på forunderleg vis brukte han i fengselet.

I ettertid seier Sohan: «Av og til skulle eg ynskje at dei ikkje hadde kausjonert meg ut så raskt. Eg ynskjer eg kunne ha vore fengsla lenger.» Lytt til programmet, så får du høyre kvifor. I dag er Sohan sitt einaste ynskje å leve for Gud, sjølv om det fører til forfylgjing. Han brenn for å dele evangeliet med sine indiske landsmenn. I programmet får du høyre Filadelfiakirken synge «Stor er din trofasthet», noko Sohan verkeleg fekk erfare då han var fengsla for si tru.