Sommarradio på Radio Sunnmøre

Foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Frå veke 28 tom 31 vert det sommarradio på Radio Sunnmøre. Denne kan du lytte til døgnet rundt (24/7) på vår internettradio og via appen Radioplayer, ved å søke etter Radio Sunnmøre. På FM og DAB sender vi i våre tildelte sendetimar som normalt. Heile vårt sendeprogram finn du HER.

Vi i Radio Sunnmøre ynskjer deg ein fantastisk sommar – Der Du Er. Vi er tilbake med vanlege sendingar, gode og innhaldsrike intervju, og nye andakter frå og med måndag 3. august.

Radiolotteriet 2020

Vårt radiolotteri er i sal fram til trekningsdato 29. september. Mange flotte gevinstar står på trekningslista, og det er også mogleg å kjøpe lodd gjennom sommaren. I juli kan du VIPPSE til 72582, vipps beløp og skriv lodd. Dersom du ynskjer tilsendt kontonummer eller giro, send epost til post@radiosunnmore.no.

Radiotur 2020

Laurdag 22.august kan du bli med Radio Sunnmøre og Plussreiser på vandretur over flotte Flofjellet. Påmelding til Plussreiser, og for meir informasjon besøk nettsida HER.