Kvart år blir «Søndag for forfulgte» markert over store delar av verda; til støtte for kristne søsken som lid for trua si. Ein valfri søndag i november oppmodar ein kristne til å sette fokus på vår forfulgte familie; og i år er temaet «I fangenskap for sin tro». I dette programmet gir Olaug Lillian Bjørke konkrete tips til korleis ein kan markere dagen; og ho anbefaler også ressursane på Åpne Dørers nettside: https://www.opendoors.no/sff

Kvifor treng ein denne søndagen? Jau, den er viktig både for dei vi ber for – og for kristenfolket i den frie verda. Vi treng å løfte blikket vårt – og bli minna om å gå i forbønn for dei som lid for trua si. Samstundes treng vi deira vitnesbyrd; til inspirasjon og utfordring for vårt eige gudsliv. I andre halvdel av programmet får du høyre Alexander Ogorodnikov si historie. For nokre tiår sidan sat han i fangenskap i ein leir for dødsdømde i Nord – Sibir, då han på mirakuløst vis opplevde kva forbøna frå kristne søsken betydde. Og nokre av dei som ba for han, visste ikkje ein gong kven han var! Men Gud hadde minna dei om å be for Alexander. «Eg fekk kjenne varmen frå bøn fysisk på kroppen min. Det var som om kjærleiks-bønene frå kristne søsken vart omgjort til fysisk varme. Og det var Gud som gjorde det», vitnar Alexander, og tenker tilbake på den iskalde natta i fengselscella. «Det var Gud som varma kroppen min den natta, gjennom forbøn!» I programmet får du elles høyre Håvard Sveås synge sin eigen song: «Stå sterk i stormen».