I dette radioprogrammet får du høyre om «Søndag for forfulgte». Dette er ein internasjonal bønnedag som blir markert over heile verda, der ein løfter blikket utover og går i forbøn for kristne som lid for trua si. I år er det fokus på barn og unge; eit tema som verkeleg skulle skape engasjement. Millionar av barn og unge lid under forfølgjing, både personleg og innan familien. Dei er dei mest sårbare. Konsekvensane varierar; frå mobbing og utestenging til utfordringar med å få dekka primære behov som mat og vatn. For andre gir forfølgjinga seg utslag i avgrensa rett til skulegang, utdanning og deltaking i samfunnet generelt. Mange barn og unge lever også med sakn etter foreldre; der mor eller far er fengsla, i nokre tilfelle også drept for trua si. Andre barn har måtta flykte frå krig og forfølgjing. Åpne Dører oppmuntrar kyrkjer og forsamlingar til å bruke ein valfri søndag i november til å markere «Søndag for forfulgte». Det fins gode ressursar på www.opendoors.no; både filmar, vitnesbyrd og forslag til bøner, songar og tale. I år er det også eigne ressursar som er tilpassa til bruk i barne – og ungdomsarbeid. Årets tema er ei gyllen anledning til å lære dei unge i Noreg om kristne som lever under heilt andre vilkår enn oss. I andre halvdel av programmet får du høyre om 17 år gamle Marqos frå Egypt, før Familien Brautaset avsluttar med songen «Mitt valg er gjort, jeg vil følge Jesus».

Link til der ein kan lytte til programmet HER.