I veke 42, 18.-24. oktober, inviterer Barnevakten alle vaksne i Noreg til å spele saman med borna. Fleire arrangement blir lansert, og ein kan velje fritt frå ei veke med spanande innhald som byggjekonkurranser i Minecraft, webinarer, undervisningsmateriell til skular og meir. 

Denne veka er det ynskjeleg at vaksne skal få ei større forståing for kva born i dag held på med i ulike spelplattformer, noko som kan gje ei større forståing mellom vaksne og born, eit betre samspel og kanskje til og med mindre krangling i heimen.

Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe.