Spjelkavik sokn kom øverst på resultatslista over menigheter som deltok under fasteaksjonen 9.april. Heile 236 888 kroner vart samla inn i Spjelkavik sokn denne dagen.

7.-9. april var det Fasteaksjon 2019, og tysdag var det mange konfirmantar med fleire som engasjerte seg sterkt i Spjelkavik sokn for å samle inn pengar for å redde liv med reint vatn.

Torsdag morgon var resulatet til aksjonen på landsplan oppe i 22 167 940 kroner. Ålesund kommune samla inn 297 379 kroner, og av desse kom 236 888 kroner frå Spjelkavik sokn. Høyr intervjuet med kateket i Spjelkavik menighet, Jon Ivar Tønnesen.