Kvar haust gir Åpne Dører muligheit til å sette auka fokus på forfulgte kristne sin situasjon gjennom to spesielle arrangement. I oktober og november er det tid for våre årlege Fakkeltog, som vi arrangerer i samarbeid med Stefanusalliansen.

Her oppmodar vi kristenfolket i Noreg til å «Stå sammen – Gå sammen» for våre forfulgte søsken. Gjennom fakkeltoga får vi offentleg merksemd rundt forfølgelsen, og anledning til å sette bein på vårt engasjement. Vi er privilegerte som kan gjere dette i det offentlege rom; og det er viktig at vi nyttar denne fridomen.

I november oppmuntrar Åpne Dører forsamlingar og kyrkjer til å gi rom for «Søndag for forfulgte». Dette er ein internasjonal bønedag som blir markert over heile verda, der vi lyfter blikket utover og går i forbøn for dei som deler trua vår, men ikkje fridomen vår.

I dette programmet får du høyre både om Fakkeltoget og om Søndag for forfulgte. Det er endå nokre veker igjen; kanskje kan du ta initiativ til at begge desse hendingane blir markert i di forsamling og i ditt nærområde? Besøk gjerne nettsida www.fakkeltog.no og www.opendoors.no for meir informasjon.

I programmet lyttar vi til Elisabeth Lillebø Sæth sin vakre song: «Elske kvarandre»

.