Torsdag vert det offisiell opning av Stedet, som er Frelsesarmeen sitt ferskaste tilbod. Stedet skal vere ein stad der ein kan kome og delta anten med ulike typar handarbeid, spele fotball, delta på turgrupper og mykje meir. Det å vere rusfri når ein deltek på Stedet er eit krav.

-Det skal vere ein plass der ein kan kome å oppleve meistring og samle rusfrie timar, seier Hurlen i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Vi har tatt ein prat med aktivitetsleiar Britt Roald Nesvik og Kristine Hurlen, sosial fagleg leiar og tilretteleggar, om den nye aktivitetsstaden i Ålesund.

Torsdag kl. 12 i Keiser Wilhelmsgate 54 vert det offisiell opning.