Meny 2

Større satsing på kristen barnelitteratur

SAMARBEID: Dei to største kristne forlaga Hermon og Lunde går sama om ei felles barnebokkampanje for barnebøker med kristne verdiar og innhald. (f.v.) Forfattarane Jarle Waldemar og Anette Løken Jahr inspiserer utvalet av barnebøker saman med forlagssjefane Tom Teien (Lunde) og Svein Andersen (Hermon). FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Hermon forlag og Lunde forlag har gått saman om ei større barnebokkampanje for å spre den kristne barnelitteraturen til fleire bokhandlarar. Forlagssjef i Lunde forlag, Tom Teien, fortel at dei merka stor nedgong i salet etter at den kristne butikkjeda Vivo (tidl. Bok & Media) gjekk konkurs, og at dei no satsar på ny.

I denne kampanjen er det 50 bokhandlarar frå Lyngdal i sør til Bodø i nord som er med. I tillegg til dei kristne bokhandlarane er også butikkar frå Norli, Ark, Libris og Notabene med.

Kampanja fokuserer særleg på dei norske barnebokforfattarane og har blant anna med bøker av Kari Vinje, Anette Løken og Jarle Waldemar.

Høyr intervjuet med Tom Teien i Lunde forlag HER.

Stengt for kommentarar

Laget med god hjelp fra ImF