I år er det 55 år sidan Israel fekk kontroll over heile Jerusalem, og jødane igjen fekk lov å be ved Klagemuren. Dette vart feira under den årlege Jerusalemdagen kor tusenvis av menneske var ute i gatene, dei fleste kledt i kvitt og blått. Samstundes var dagen prega av uro og store politistyrker. Te’ena ben Haim og familien hennar i Jerusalem gjev likevel ikkje opp håpet om at dei ulike folkegruppene i denne spesielle byen kan leve saman i fredeleg sameksistens. Dette er tema for ein ny episode i serien «Nytt frå Israel».