Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte (KABB) opplever at mange nye lånarar finn vegen til KABBs lydbibliotek etter at den nye låneordninga kom på plass i juni.

Av Kjetil Hærås

Heidi Vestbye i KABB.

Heidi Vestbye i KABB.

Heidi Vestbye er meget nøgd om dagen. Mange nye lånarar vil låne bøker som KABB har lest inn. «Folk har endeleg oppdaga det gode tilbodet vårt. Det har kanskje noko med at vi har kome oss over til eingongs-CD og muligheiter for å laste ned lydbøker til PC og nettbrett eller mobil», seier Heidi. «Det som er viktig, er at fleire vil bruke KABBs tilbod og fleire vil lytte til kristne bøker og det er ei god nyheit». Gamle lånarar som har venta på den nye ordninga har kome tilbake og blitt aktive lånarar igjen. Det har blitt fleire yngre lånarar også. Og utlånet av bøker ser ut til å bli høgare i år enn dei siste åra.

Kven kan låne lydbøker frå KABBs lydbibliotek? «Det er to hovudgrupper som låner lydbøker frå KABB», seier Heidi. «Den største er framleis synshemma, men vi opplever ei klar auke blant lesehemma lånarar. Siste gruppa er stor, alt frå dei som har dysleksi til dei som ikkje kan halde ei bok eller at det er andre årsaker til at dei ikkje kan nyttiggjere seg ei fysisk bok». Ring oss så kan vi ta ein prat om du kan bli ein lånar hos KABB.