Åpne Dører Sunnmøre får besøk av Broder Michael frå Egypt, og skal i den anledning halde eit ope møte i Volda frikyrkje torsdag 12. mai.

Broder Michael har gejnnom fleire år vore ein av Åpne Dørers sentrale medarbeidarar i Egypt, og er i dag ein av hovedleiarane for Åpne Dørers arbeid i landet. Han er også leiar i ei evangelisk kyrkje der han har spesielt fokus på å undervise kristne ektepar. Han har inngåande kjennskap til å leve som ein kristen i eit muslimsk land, med diskriminering og forfylgjing på grunn av si tru på Jesus.

Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Helge Åkernes i Åpne Dører, som kan fortelje meir om det spanande besøket frå Egypt.