Det ekstraordinære årsmøtet i Sunnmøre Indremisjon vedtok tysdag kveld å kjøpe butikkverksemda Johan R. Sunde, i tillegg til at årsmøtet vedtok sal av Ålesund bedehus.

Det var 69 utsendingar med røysterett på det ekstraordinære årsmøtet til Sunnmøre Indremisjon tysdag kveld, og på sakslista var det to  saker. Den eine var sal av Ålesund bedehus og den andre kjøp av butikkverksemda til Johan R. Sunde.

Sal av Ålesund bedehus

Den første saka på sakslista, sal av Ålesund bedehus, skapte forholdsvis lite engasjement blant utsendingane. Av dei få som nytta taleretten var flesteparten einige om at Ålesund bedehus som eigedom er for krevjande å vedlikehalde og å drive for Sunnmøre Indremisjon.

Det vart vedteke at styrets formann og krinsleiar får fullmakt til å gå i forhandlingar med mogeleg kjøpar for sal av Ålesund bedehus. I saksopplysningane står det at ein mogeleg kjøpar per i dag er Ungdom i Oppdrag (UiO) som i dag leiger bedehuset til si eiga misjonsverksemd. Krinsstyret fekk i vedtaket fullmakt til å gjennomføre salet dersom forhandlingane fører fram.

Ei av bekymringane under samtalen var at indremisjonsforeininga i Ålesund, som per i dag har møteverksemd på bedehuset gjennom året, ikkje skal ha møtelokale tilgjengeleg dersom det blir andre eigarar enn UiO. Det vart vedteke at foreininga framleis skal kunne vederlagsfritt ha tilgong til eit alternativt møtelokale ved sal av Ålesund bedehus til andre enn Ungdom i Oppdrag.

Av dei 69 utsendingane var det to som stemte i mot salet.

Kjøp av butikkverksemda Johan R. Sunde

Då sak to på sakslista kom opp vart engasjementet rundt samtalen auka. Fleire tok ordet, og det var om lag like mange for som det var mot at Sunnmøre Indremisjon skulle gjennomføre eit slikt kjøp.

Årstmøtet vedtok ved røysterett at Sunnmøre Indremisjon kjøper drifta av Johan R. Sunde til avtalt pris, gjennom selskapet ImF Sunnmøre Holding AS. Og styret i det nye selskapet får i oppgåve å sluttføre forhandlingane med fam. Sunde og å tilsette ny dagleg leiar. Av dei 69 utsendingane var det åtte som stemte i mot kjøpet, resten var for.

Leiar i krinsstyret seier til Radio Sunnmøre at eit kjøp og ei overtaking av Johan R. Sunde vil no gjerast ved nyårsskiftet.