Trine Hanken Westbrook, pastor i Hillsongchurch og barnepleiar på barsel på Ålesund sjukehus.

Det er ikkje alltid lett å vere takknemleg og glad når ein står opp i kvardagslege oppgåver som skal gjerast om og om igjen. Men Trine Hanken Westbrook utfordrar i Ord til ettertanke om å vere akkurat det.

-Når du står ovanfor sokkelestar som ikkje finn saman, ver heller takknemleg for dei små barneføtene som skal bere sokkelesten heller enn enn å frustrere over arbeidet ein står i, seier Hanken Westbrook, som til dagleg er pastor i HillsongChurch og barnepleiar på barselavdelinga på Ålesund sjukehus.

Hanken Westbrook held Ord til ettertanke om glede og det å vere takknemleg.

-I kvardagen vår er det mykje som skjer, det er eit jag og eit mas. Men oppi alt det vi opplever er det viktig å huske på å omfavne gleda i dei små tinga og vere takknemlege for livet, seier Hanken Westbrook.

Det er ikkje alltid enkelt å sjå på kristne denne gleda, den er ikkje alltid enkel for folk å vise fram.

-Eg trur det handlar om å våge å vere open om liva våre, og eg trur at menneske lengtar etter at vi deler evangeliet med dei. Dersom vi stadig brukar tid saman med Jesus, så vil det forandre oss til å bli meir lik Han, og det vil naturleg smitte over på andre, legg Hanken Westbrook til.

Høyr intervjuet med Trine Hanken Westwood HER.

Ord til ettertanke Del 1

Ord til ettertanke Del 2

Ord til ettertanke Del 3

Ord til ettertanke Del 4

Ord til etteratanke Del 5