The Voice- vinnar frå Sunnmøre slepp sin fyrste singel

Pressefoto Maria Engås Halsne

I dag slepp Maria Engås Halsne sin fyrste singel. I 2019 vann sunnmørsjenta The Voice på TV2, og har det siste året skrive og laga sin fyrste singel på same tid som medisinstudiet har gått sin gang. Engås Halsne har i mange år vore engasjert i lovsongen i ulike forsamlingar, og fortel at stilen på den nye songen nok er prega av dagens lovsongsjangre. Down to the water heiter songen, og er ein typisk poplåt. Innhaldet i teksta meiner Engås Halsne kan passe for svært mange i tida vi er inne i no.

Då Engås Halsne skulle lage cover til singelen tok ho kontakt med kunstnaren Ørnulf Opdahl, og fekk lov å bruke kunsten hans både på cover og i musikkvideo. Høyr heile intervjuet med Maria Engås Halsne om den nye singelen på Radio Sunnmøre.