Kjetil Fyllingen, Damaris.

-Det er nok tida vi lever i. Folk opplever at mange stiller spørsmål og har innvendingar til den kristne tru, og då er det ein naturleg konsekvens at ein kjenner behov for denne type seminar og undervisning, seier Kjetil Fyllingen.

I helga var 1/5 av dei 500 påmeldte deltakarane under IMF (Indremisjonsforbundet) sin leiarkonferanse med på nettverksskurset om trusforsvar. Blant dei påmeldte deltakarane var Astrid Junker Andvik frå Sørlandet og Martinus Bjørge frå Sunnmøre.

-Det å kunne forsvare trua di når du går på gata eller skal inn i studietida som i mitt tilfelle, så vil det vere viktig å ha tenkt gjennom kva ein kan svare, fortel Martinus Bjørge.

Høyr intervjuet HER.