I dette programmet er Linda Askeland gjest i studio. Ho er nyleg tilbake frå ei reise til Aust-Afrika, og har mange sterke inntrykk å dele. Formålet med turen var å oppmuntre isolerte trussøsken som lever under sterk forfølging. Du får høyre om Pastor Josuf, som hadde gått 5 mil saman med tre av sønene sine for å delta på ei samling. Saman med andre forfulgte søsken kunne dei senke skuldrane, dele det som tynga og bli oppmuntra. Siste dagen uttrykte Josuf sin 16 år gamle son med stor takksemd: «Eg har lært å tilgi!» Med på reisa hadde Linda ein heil bunke med kort frå Åpne Dørers skriveteneste. Desse delte dei ut til forfulgte kristne dei møtte, og korta vart tatt imot som ei verdifull gåve. Ho fekk høyre sterke historier om kva oppmuntringskort har å bety. Ein av dei uttrykte: «No veit eg at Gud kjenner meg ved namn!» Ikkje alle kan reise på tur, men alle kan vere med i Åpne Dørers skriveteneste. Her kan du lese meir: https://www.opendoors.no/engasjer-deg/skriv-til-forfulgte