Ragnhild Opskar (LEVE) og Hilde Lillestøl (Kirkens SOS Møre og Romsdal).

I dag er verdsdagen for førebygging av sjølvmord, ein dag satt ned av Verdens Helseorganisasjon og som i dag blir markert verda over. Kirkens SOS Møre & Romsdal og LEVE (landsforeininga for etterlatte etter sjølvmord) har gått saman om å markere dagen i Molde i dag, og i går i Ålesund kyrkje. Dei ynskjer at ein skal gjere emnet mindre tabubelagt og at det skal bli lettare å snakke om vanskelegheiter ein har.

-Det vi erfarer i Kirkens SOS er at vi framleis held oss til ei myte om at sjølvmord er vanskeleg å snakke om, og at dersom ein har ei bekymring for nokon så tenker ein at ein ikkje kan spør, for då kan ein sette ein på sporet av noko. Det er vi i Kirkens SOS opptekne av å tilbakevise, for det er det ikkje bevis for verken frå forskning eller i praksis. Tverti i mot, vi erfarer at det er viktig at vi tør å vere direkte for kanskje nettopp det kan vere det som gjer at vedkomande vågar å fortelje om kor vanskeleg ein eigentleg har det, fortel Hilde Lillestøl i Kirkens SOS Møre & Romsdal.

Høyr heile intervjuet med Hilde Lillestøl og Ragnhild Opskar HER.