Fri Hals i studio under innspeling av Troens menn, til inntekt for mannsarbeidet til Norea Mediemisjon. Foto: FriHals

Mannsgruppa Fri Hals frå Flekkerøya har nyleg gitt ut ein CD med tittelsporet Troens menn til inntekt for Norea Mediemisjon sitt mannsarbeid med same tittel. Roald Arnesen har skrive og laga fleire av songane på plata, og fortel i eit intervju om kor viktig det er at eit mannsarbeid som Troens menn er med på å  bevisstgjere og å vekke opp mannen til å sjå kven ein er i Kristus.

-Eg har hatt nød for å hjelpe menn med å finne sin plass i samfunnet. Ei lita identitetskrise som eg også har slite med sjølv, fortel Arnesen om korleis songen Troens menn vart til.

-Vi veks opp med barnesongen Våg å stå som Daniel, men når vi blir vaksne kan det vere vanskeleg å sjå korleis dette skal vere i praksis. Det handlar om å hjelpe mannen til å reise seg å ta ansvaret ein har som kristne menn i samfunnet og i den kristne menigheta. Og dette håpar eg songen kan inspirere til, legg Arnesen til.

Inntekta frå salet av CDen til Fri Hals går også direkte til mannsarbeidet Troens menn.

Songane finn du på Spotify.

 

 

 

Roald Arnesen har laga fleire av songane på den nye plata til Fri Hals, deriblant Troens menn.

Intervju med Roald Arnesen: