Victoria Fiske er gjest i serien Tru i Kvardagen - Tru i Livet denne veka.

Victoria Fiske er gjest i serien Tru i Kvardagen – Tru i Livet denne veka.

Victoria Fiske (34) vart fyrste gong utfordra i trua si då ho flytta frå eit trygt miljø på Helgelandskysten med 120 innbyggjarar, til ein internatskule med ungdomar frå heile landet og ulike miljø.

– Då vi var små fekk vi servert Gud og Bibelen som ei sanning, og då sjølv om eg i møte med andre fekk andre sitt syn på det, fekk det meg ikkje til å gå vekk i frå trua, fortel Fiske i dagens intervju.

I 2009 fekk Victoria Fiske diagnosa ME, noko som gjorde at ho med ein gong stilte mange spørsmål til Gud om kvifor dette skulle skje. Det starta å byggje seg opp ei bitterheit til Gud.

Takknemleg til Gud

Istaden for å gå vidare på vegen mot bitterheit, så fann Victoria Fiske ut at det var sjukdomen som fekk fram desse tankane og spørsmåla i henne.

– Eg fann etterkvart ut at eg alltid har hatt desse tankane og spørsmåla i meg, men at eg tidlegare har hatt kontroll på dei, fortel Fiske.

Trua til Victoria har alltid prega hennar liv, det gjer den også i dag, også i hennar liv som mor og kone. Ho fortel i intervjuet at trua i dag omsluttar kvardagen hennar.

Victoria Fiske (34) er gift og har ei datter. Ho bur på Sunnmøre, men kjem opprinneleg frå ei lita øy med 120 innbyggjarar på Helgelandskysten. Høyr Victoria Fiske i serien Tru i Kvardagen-Tru i Livet: