– Dette gir oss fleire moglegheiter til å utvide arbeidet vårt, til å møte fleire folk i Ålesund og til å få ei større betydning for byen, fortel senterleiar Jan Oskar Alnes til Radio Sunnmøre om kjøpet av Ålesund bedehus.

Ungdom i Oppdrag Ålesund har store planar om å renovere Ålesund bedehus, og har klare visjonar for det 115 år gamle bedehuset for framtida.

– Vi håpar å invitere ulike kristne organisasjonar til å arbeide saman med oss, ha felles lunsjrom og kontorlokale, og vi håpar at det kan skape synergi og å skape vekst, seier Alnes.

Måndag 18. mai vart det 115 år gamle Ålesund bedehus selt til Stiftelsen Ungdom i Oppdrag. Ålesund bedehus vart bygd i 1905 av Ålesund Indremisjon. I 2009 tok ImF Sunnmøre over huset, og måndag 18. mai vart det selt vidare til nye eigarar med store visjonar. Høyr intervjuet med krinsleiar for ImF SUnnmøre, Johan Halsne, styreleiar Oddbjørn Brunstad og senterleiarar for Ungdom i Oppdrag Ålesund, Randi og Jan Oskar Alnes.