Ungdomskoret Respons har kome med sin sjette cd, og i tillegg fått ny logo som dei promoterer på sitt ferske cdcover.

Ungdomskoret hadde måndag 3.juni cdslepp på sin sjette cd. Koret er i år 45 år og feirar dette med ny cd, ny logo og mykje spanande på programmet. Vi har tatt ein prat med leiar gjennom over 40 år, Arild Berstad.