Berit Nesseth Otterlei har skrive bloggen unikmamma.no og held foredrag om det å vere ei unik mamma for eit unikt barn.

Berit Nesseth Otterlei har skrive bloggen unikmamma.no og held foredrag om det å vere ei unik mamma for eit unikt barn.

Gjennom bloggen unikmamma.no skriv og formidlar Berit Nesseth Otterlei frå livet med ei dotter med Prader Willis syndrom. I tillegg reiser ho rundt og held foredrag om eigne erfaringar frå privatlivet og yrkeslivet som helsesyster.

– Det kom over meg ein sein kveldstime at eg skulle ha ein blogg, ei nettside og å halde foredrag. Dette  kom til fordi eit av borna mine har Prader Willis syndromet, som gjev ein del utfordringar i livet, fortel Nesseth Otterlei.

Endra synet på menneskeverd

Då dottera var ein månad gamal fekk foreldra beskjeden om at dottera har ein kromosomfeil, eit syndrom som heiter Prader Willis syndromet. Dette gjorde at Berit Nesseth Otterlei vart utfordra på sitt syn om menneskeverd.

– Eg hadde ei overbevisning og ei sterk tru på at vi alle er skapt i Guds bilde, og så fekk eg beskjed om at dottera mi har ein kromosomfeil. Det vart vanskeleg for meg å tenke at ho ikkje var skapt slik som ho skulle vere. Men no tenker eg at ho er skapt akkurat slik som ho skal vere, i Guds bilde, fortel Nesseth Otterlei.

Høyr intervjuet med Berit Nesseth Otterlei, og om korleis bloggen unikmamma.no vart til: