-Eg trur at nøkkelen for oss som ein kristen skule er å utruste elevane til å analysere og avsløre kva ideologi som står bak dei ulike utsagna som vi finn i bøkene, seier Øystein Engås, rektor ved Møre barne -og ungdomsskule Ålesund. I dei nyaste lærebøkene frå Aschehoug for både 5. og 6. klasse har det blitt reagert sterkt på av fleire foreldre dei oppgåvene borna skal gjennomføre som går på blant anna kjønnsideologien,  og på måten kristne foreldre har blitt framstilt. 

Øystein Engås, rektor ved Møre barne -og ungdomsskule Ålesund fortel i eit intervju med Radio Sunnmøre at skulane har ulike valmoglegheiter innanfor læreplanen. Skulen kan til dømes sjølv velge kva forlag ein vil nytte lærebøker i frå.

Høyr heile intervjuet med Øystein Engås.