Emilie Lindberg (29)

Emilia Lindberg (29) har dei siste fem åra levd av å reise rundt som evangelisk songevangelist. Ho syng gamle salmar og songar, og seier sjølv ho gjer det for ho ynskjer å ta vare på den eldre og forteljande musikkskatten. Lindberg skriv sjølv, men syng mest andre sine songar. Det viktige for henne er at songane har noko å fortelje.

Lindberg vaks opp med å synge saman med sin far, men i dag reiser ho aleine. Siste helga i august deltok ho under Sang -og musikk helga på Thon hotell i Fosnavåg, og Arild Ove Halås tok då eit lengre intervju med Lindberg for å bli litt betre kjend med henne.