Valderøykvartetten har kome med ei ny plate med fleire nyinnspelte songar og ein har aldri før blitt spelt inn på norsk. I 2023 markerar kvartetten 50 år etter å ha starta opp i 1973. Fire av dagens medlemmar har vore med sidan starten, elles har grunnstamma i kvartetten vore uforandra i omlag førti år.

Tittelsporet på plata er Min Jesus lever og er ein song oversatt frå engelsk. – Det er dei i kvartetten som har hatt veldig store prøvingar opp gjennom tidene, og då er det noko som betyr veldig mykje, at fordi Jesus lever så kan vi møte morgondagen, fortel Torstein Walderhaug til Radio Sunnmøre.

Godt kameratskap

I 50 år har Valderøykvartetten møtt kvarandre kvar mandag til øving, ein matbit og bøn, og i tillegg fått knytt sterke band som gode kameratar gjennom så lang tid.

-Vi har hatt eit sterkt andeleg og gledeleg fellesskap. Både når vi har vore heime på øvingar og når vi har vore ute og reist, og blitt godt kjendt rundt om kring, fortel Walderhaug.

Høyr heile intervjuet med Torstein Walderhaug i Valderøykvartetten på Radio Sunnmøre.