Månadens fokus i Åpne Dører er Vest Afrika. Det har vore ei enorm vekkjing over kontinentet, og Afrika er i dag den verdsdelen med flest kristne.

Forfølginga har ikkje latt vente på seg, og særleg betalar kristne i vestlege Afrika ein høg pris for trua si. Olaug Lillian Bjørke tek deg med til Burkina Faso, det landet i verda som har opplevd størst auke i forfølginga siste året. Du får møte Naomi, ei 45 år gamal enke og mor til 9 barn. Mannen Eli, som var pastor, vart drept i eit angrep mot landsbyen. Naomi og barna måtte flykte, og ho fortel korleis dei gret og ba til Gud natt og dag. Bønene vart høyrde, gjennom hjelpa dei mottok frå Åpne Dører. Pastor Samuel er ansvarleg for mange menneske på flukt i dette området. Han seier: «Bønene våre er blitt høyrde! Gud har verkeleg oppfylt løfta sine til oss. Hjelpa vi fekk, vart motteken med gledestårer. Denne støtta betyr enormt mykje for liva våre.» I programmet får du elles høyre Duvald synge «Att lämna allt».