Vi fem er fem sysken frå Åheim på Sunnmøre. I januar var dei for fyrste gong samla i studio og spelte inn ein song saman. Songen er skrive av Svein Arild Endal i syskenflokken, og tekst og melodi kom til då systera vart kreftsjuk. Høyr intervjuet her på Radio Sunnmøre.

Songen heiter Det gode livet…og skyene, og er spelt inn av Vi fem. Vi fem er syskena Svein Arild Endal, Sølvi Hildegunn Nystøyl, Ragnhild Liv Borgund, Rolf Harald Endal og Linda Karin Endal.