Gunnhild Aksnes Krisitiansen

Møt den nye daglege leiaren (vikarierande) i Radio Sunnmøre, Gunnhild Aksnes Kristiansen. Ho ynskjer å skape bilder for lyttarane gjennom radioen.

Vår daglege leiar, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund er ute i permisjon og Gunnhild Aksnes Kristiansen starta i vikariatet denne veka. I programmet kaffipausa no onsdag fekk vi møte Gunnild og høyre meir om kva ho tenkjer om radio.

-Eg tenkjer at radio i seg sjølv har noko veldig bra med seg, i og med at der er eit lydmedium, som har den fordelen at ingen ser. Vi står i ein posisjon der vi kan lage lydbilde for lytterane og det er eg litt opptatt av, seier Aksnes Kristiansen.

Ho vil legge vekt på å skape ein levande radio, som kan få fortelje historiane til folk, formidle positivitet og raushet. Ho gleder seg til å få nytte anledninga i forhold til DAB og FM, til å nå enda fleire som kan oppdage Radio Sunnmøre og bli glad i kanalen.

Du kan høyre heile innslaget her, med musikk av Lauren Daigle og Unspoken.