Ynskjer å møte den eine

-Vi er kvardagsmenneske, og opplever stort sett det same med tankar, ord og gjerningar..vi ynskjer på ein enkel måte å møte den eine, fortel Oddveig Molnes om grunnen til at Ord til ettertanke er og har vore viktig for Radio Sunnmøre sine sendingar gjennom 34 år på lufta.

Ord til ettertanke er ulike menneske i ulike livssituasjonar som delar enkle ord og eigne vitnesbyrd kvar veke på Radio Sunnmøre, nokre minutt kvar dag.