Siste nytt
Frå USA til Waldehuset for å guide turistar
-Vi elsker denne historia, og vi trur det er viktig å fortelle andre kva Gud har gjort her. Det er veldig viktig fordi vi er kristne. Og vi elsker, elsker, elsker å gjere det, seier Mickey Bambrick om kvifor dei kjem til Norge kvart år for å guide i Waldehuset gratis. Høyr intervjuet med ekteparet Kåre Slaathaug og Mickey Bambrick.
Søndagens tekst 21. juni
-Kva skal eg gjere for å arve evig liv, spør ein mann Jesus i søndagens tekst. Teksta handlar om den rike mannen og her henta i frå Markus 10, 17-27. Vi tek ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti om teksta.
Møreskulen Skodje flyttar til Sjøholt
Møre barne -og ungdomsskule Skodje startar til hausten med planlegging av nytt skulebygg på Sjøholt folkehøgskule sin tomt. Rektor Hilde Renate Sæthre Nes ser no løysinga på nokre år med uvisse for skulen.
Engasjerande årsmøte i Imf Sunnmøre
Laurdag 13. juni var det årsmøte for Imf Sunnmøre på Ålesund folkehøgskule. Det var 70 stemmeberettiga delegatar til stades, og det var fyrste årsmøtet for den nye krinsleiaren Lars Petter Ødegaard. Vi tok ein prat med krinsleiar Ødegaard, nyvalde til krinsstyret Svein Folde, og delegat Oddveig Molnes.
Påfyll i ferietid
Leir, bibelcamper og stevner er noko av det sommaren byr på rundt om i landet vårt. Det er mange moglegheiter for å halde trua ved like også i ferietid. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.
Fem nye truande til Immanuelkyrkja
Pastor Eyvind Volle fortel til Radio Sunnmøre at det er eit lyspunkt i krigen når nye kristne kjem til Immanuelkyrkja. Ekteparet Volle er for tida på studiepermisjon i Hellas og vi har tatt ein prat med Eyvind for å høyre litt om dagens status på både politikk og arbeidet i kyrkja.
Nytt salmeprosjekt på nynorsk
Fredag kom den første salmen i prosjektet SALMIST, på nynorsk, der alle dei 150 salmane i Bibelen skal få musikalske tolkningar. Vi har tatt ein prat med komponist John Vegard Schow.
Sommaravslutning på Karaquiz i Langevåg
Tysdag 9. juni var det sommaravslutning på Karaquiz i Langevåg. Helge Åkernes tok turen og fekk ein prat med Thor Hurlen, Rune Molvær og Bjørn Tusvik.
100 års markering etter Arnold Eidslott
Onsdag 10. juni var det jubileumsmarkering 100 år etter Arnold Eidslott sin fødselsdag. Eidslott var ein kjend poet frå Ålesund, og arva etter han har gått vidare. Guttorm Eidslott, son av Arnold, var tilstades på markeringa. Radio Sunnmøre fekk ein prat med Guttorm Eidslott i etterkant








