For tusen år sidan var Giske ein av dei viktigaste stadene i Norge. Høvdingeætta frå Sunnmøre hadde stor betydning i ei tid då Norge var forma til eit eige rike. Vi har vore på besøk på Giske og fått lokalhistorikar Arne Tunheim og leiar for Giskespelet Britt Giske Andersen til å fortelje meir om denne delen av historia vår.