Site icon Radio Sunnmøre

Aalesund gospelkor inviterer til ny gospelhelg

På nyåret inviterer Aalesund gospelkor til Gospelweekend for tredje gong og den skjer andre helga i februar. Dette er ei helg for alle som har lyst å synge gospel, men som ikkje har eit fast kor å synge i. Vidar Aasebø fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at denne helga har vore svært populær tidlegare, så han oppfordrar dei som har lyst å melde seg tidleg. Denne helga skal koret også ha med seg Leif Ingvald Skaug, også kjend som «Organisten» og som også driv det store gospelkoret Gospel Explosion.

I tillegg til dette skal Aalesund gospelkor på turne i april, saman med Samuel Ljungblahd. Koret skal halde konsertar både på Sunnmøre, Nordfjordeid og i Bergen.

Høyr heile intervjuet med Vidar Aasebø.

Exit mobile version