Site icon Radio Sunnmøre

Ålesund folkehøgskule inviterer til musikalen Annie

Annie er årets musikaloppsetning på Ålesund folkehøgskule og onsdag 4. desember er det opa forestilling for den som vil oppleve den. Joachim Rønneberg og Johanne Eliassen Hamsund er elevar ved folkehøgskulen i år og har nyleg vore utanlands og opplevd prosjektet Strømmestiftelsen driv, som inntektene frå musikalen går til inntekt for. Rønneberg er frå Oslo og Hamsund frå Hamsund, og begge fortel at folkehøgskuleåret er til forventningane. I to intense veker har dei no satt opp forestillinga Annie, og gler seg til å ta i mot publikum.

Dersom det er grupper i alle aldre som ynskjer å sjå forestillinga på dagtid, så er det framleis ledig mandag 2. desember, tysdag 3. desember og onsdag 4. desember. Onsdag det opa forestilling på ettermiddagen for alle andre.

Høyr intervjuet med Joachim Rønneberg og Johanne Eliassen Hamsund.

Exit mobile version