Site icon Radio Sunnmøre

Ålesund gospelkor går i studio

I helga går Ålesund gospelkor i studio for fyrste gong. Vidar Aasebø fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at dette er han både spent på og gler seg til. Det er songar som medlemmar i koret sjølv har laga dei skal spele inn. Dette er ein pangstart for hausten og alt Ålesund eige gospelkor har i vente. Allereie 9. november er det Gospel på Pub som står for tur, før dei i desember skal få synge på konserten til Harlem Spirit of Gospel på Parken kulturhus.


 

Exit mobile version